20. okt, 2015

Kor livet fell

Kor livet fell
og verdi snur,
eg ottast ikkje
min natur.

For eg er trygg
som stein på strand,
som tre i storm,
som lauv i brand.

Av same to,
av same eld
er eg; dei same
lover held

meg i si hand.
Og dei atom
som bygde meg,
dei bygde bløm,

og song i storm,
og sov i stein
og stjerneis
- i lyneld skein.

Og møttest so
ein stutt sekund,
i meg til strid,
men ikkje blund;

det store samspel
vart ikkje eg,
men auga som
ser sjølve seg.

Når dei er fri,
dei atter glør
i jord, i eld
i dogg som før, -

i vanvits glo
og kjærleiks brand.
og dei har tol
å vera sand.

Olav H. Hauge, "Under bergfallet", 1951

Nyeste kommentarer

24.03 | 17:42

"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen

23.01 | 15:19

Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?

15.12 | 11:01

Hva betyr kamb

23.01 | 22:37

Så fin side!

Del denne siden