31. okt, 2015

Hennar rørsle

og ho tek fram sine hender
og så retter ho litt på røynda
litt
så mykje som ho kan
og så er røynda litt betre
slik held ho fram
minutt for minutt
det hender ho vert trøytt
men ho gjev seg ikkje
ho held berre fram
og sjølv når ho legger hendene ned
og søv og kviler
og er borte
for alltid borte
held rørsla hennar fram

Jon Fosse, «Stein til stein», 2014

Nyeste kommentarer

24.03 | 17:42

"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen

23.01 | 15:19

Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?

15.12 | 11:01

Hva betyr kamb

23.01 | 22:37

Så fin side!

Del denne siden