7. nov, 2015

Byggje tårn

Grava gråstein
utor veitom.
Bera lyftarstein
opp mot høgste leitom -

Lyfte draumen
opp or einsemddjup.
Bera draumen
bort frå stygge stup.

Vera EIN.
Bera stein.

Stein er søkkt
djupt i dy.
Bera - Byggje høgt -

Byggje tårn mot sky.

Bera stein.
Gjera draumen stor.
Byggje tårn,
bru frå jord -

Byggje høgt
over li og lein -

Bera denne draumen -

Bera stein.

Tor Jonsson, "Dikt i samling", 1967

Nyeste kommentarer

24.03 | 17:42

"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen

23.01 | 15:19

Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?

15.12 | 11:01

Hva betyr kamb

23.01 | 22:37

Så fin side!

Del denne siden