11. nov, 2015
Kom hit så skal du få ein morgon av meg
Ein nylagd lysande morgon
Med varme til dine kinn og dine auge
Ein morgon med ein lett bris
over grøne strå hustak og tre
Ein morgon som retter seg ut
for din hud-dirrande kropp
eller for dine melkedrikkande fingrar
Dine lepper som smaker av pepper og lauk
Dine armar legger albogar augebryn
Dette er min morgon til deg
Eit varmt egg mot din navle
Eit kyss mot dine ytste hårstrå av kjensle
Dette er byrgjinga på min dag til deg
Når eg retter meg opp midt i romet
kan du då førestilla deg
kva slags blåfarge eg skal gje deg i kveld?
Helge Torvund
Nyeste kommentarer
24.03 | 17:42
"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen
23.01 | 15:19
Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?
15.12 | 11:01
Hva betyr kamb
23.01 | 22:37
Så fin side!
Del denne siden