2. feb, 2017
Bare den
at du ligg og søv ved sida mi
som eit lite dyr
Den jamne pusten
slår tryggleiken ut som eit raudt telt
av ingenting
og blir borte under den kvite himlinga
Varmen frå kroppen
sender sitt strålande liv
mot min, og når eg rører handa
kjenner eg den tørre faste huda si form
der alt er på plass
Du rører deg som eit foster
inne i sin eigen krets
Slepper ut eit klynk, eit handstreif
eller eit kurr som frå ein katt
Ligg i den vide senga i alt dette blå
Svevande over elva som seint drar forbi
I undring over dette
som ennå ein gong pustar slike angar
av bare godt
Lyttande å bli dratt bort
Bli dratt inn i din pust
oppløyst, bortrykt
og på plass.
Tor Obrestad
Nyeste kommentarer
24.03 | 17:42
"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen
23.01 | 15:19
Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?
15.12 | 11:01
Hva betyr kamb
23.01 | 22:37
Så fin side!
Del denne siden