20. okt, 2015

Pastorale

Sauene kan seie kva dei vil
Det er likt for alle
Ull ved ull blir likestillinga full
Ein sau ein røyst
Alle sauene talar difor
med ei røyst her

Sauene har sin ytringsfridom ikkje berre på beitet
Men også i slaktebilen og på slaktehuset
Ytringsfridomen krev
på ei side tilgang til fri natur
på ei anna side fri tilgang
på hørselvern
Vi er så heldige at
det har vi her.

Einar Økland

Nyeste kommentarer

24.03 | 17:42

"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen

23.01 | 15:19

Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?

15.12 | 11:01

Hva betyr kamb

23.01 | 22:37

Så fin side!

Del denne siden