20. okt, 2015

Forstanden

Forstanden – om dagen
ein høgrøysta førstemann
alltid på veg same vegen
som du og alle dei andre
om kvelden når du går inn i mørket,
ein etternølar som trøtnar og sakker etter

nappar deg lågmeldt i armen – ikkje så fort
det har jo vore ein god dag seier forstanden

nappar deg ein gong til i armen – kan vi ikkje stoppe
her – det er jo ei god natt seier forstanden
så stilnar han og nappar ikkje meir i deg
kom berre så langt
og ikkje lenger
Om du ville nå kunne du gått
frå forstanden her
Du har krefter nok

Men du roar deg her
Du er ikkje ein som går
frå ein slik god forstand
ei slik god natt
så lenge du har kraft til å sove.

Einar Økland

Nyeste kommentarer

24.03 | 17:42

"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen

23.01 | 15:19

Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?

15.12 | 11:01

Hva betyr kamb

23.01 | 22:37

Så fin side!

Del denne siden