20. des, 2016
1.
Butikkar lokkar med juletonar,
mens du og eg flaksar til og frå.
Me ofra gladeleg millionar
til mammonbarnet på halm og strå.
Men flyktningungen
på søppeldungen
fekk me kje tid til å tenkja på.
Refr.:
Eg blir så vegvill før sola vender,
så du forstår…
eg saknar sårt eit par trygge hender
som held om meg
og viser veg
dit lyset rår.
2.
Me duka bordet i velstandsverda
og kveikte lysa i kvar ei krå,
me åt oss halvdaude, Gud til æra
og drakk oss vitlause etterpå.
Men som dei segner
der bomber regnar,
dei gjer det heldigvis langt herfrå.
(Refr.)
3.
Mens klokkeklangen velsigna huset
me sat og lydde med oppknept brok.
Så drakk me slumpen or velstandskruset
og las eit ord frå vår bibel-bok.
Me blei så trylte
at tårer fylte
med heilag sæle kvar augnekrok.
(Refr.)
4.
Før festen slutta, me flokkast gjerne
om fredssymbolet, ein heilag ting:
Raketten strålte med lys og stjerne,
og statsmenn song mens dei sveiv omkring
ein song som rima
på Hiroshima
og gjekk i ring, ja dei gjekk i ring…
Refr.:
Eg gir deg handa når sola vender,
og fylgjer med,
for alle redde, men hekta hender
skal bli ein ring
til vern omkring
ein evig fred.
Ingvar Moe, «Barre litt, altså», 1989
eivind liven
20.12.2016 09:53
Er det uansvarlig å synge "Deilig er jorden" i år?
Nyeste kommentarer
24.03 | 17:42
"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen
23.01 | 15:19
Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?
15.12 | 11:01
Hva betyr kamb
23.01 | 22:37
Så fin side!
Del denne siden