9. jan, 2017

Bruene

Kvart menneskje er ei øy, som kjent.
Så det må bruer til.
Uendeleg mange slags bruer.
Naturleg nok har vi lært den bygningskunsten grundig.

Det finst finare bruer enn ord over til andre,
men berre i den rette, skjeldne stund,
den lydlause stund når alt står stille for ikkje å gå i stykke,
medan den minste rørsle er ei gåve på same tid --
då er ord ubrukelege.
Eller når ein fingertupp langs ein arm
er som springande
bruer av guld.

Likevel: tusen gonger oftare er ORDET bru.
Eit under av ei bru.
Aldri kan ein halde opp å hylle den som laga det skrevne ord.
Boka, bladet, brevet.
Frå øya si har nokon skrive eitkvart,
det slår bru til neste øy,
og atter frå øy til øy.
Det kjem sendande,
og ligg der som ein død ting--
men menneskjet har lært å tyde det,
under eit menneskjeauga får det liv,
kan røre og opprøre og skape om.

Det kan stige opp av papiret som lyn og eksplosjonar,
som svarte sorge-fuglar,
og som blømande kirsebærtre.

Av og til skulle vi tenkje over kor merkeleg det er.


Tarjei Vesaas, "Ordene - Bro eller stengsel (Essays og noveller)", 1964

Nyeste kommentarer

24.03 | 17:42

"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen

23.01 | 15:19

Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?

15.12 | 11:01

Hva betyr kamb

23.01 | 22:37

Så fin side!

Del denne siden