20. okt, 2015
Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn, tett rad.
Vinden valte ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følgje.
Han er ikkje lenger ein av dei.
Sin eigen veg må han finne,
eller - om han trøytnar til om litt -
gi tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame titt.
Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyg einsam under stjerner.
Ikkje gråt for den fuglen, barn.
Haldis Moren Vesaas, "Utvalde dikt", 1957
Nyeste kommentarer
24.03 | 17:42
"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen
23.01 | 15:19
Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?
15.12 | 11:01
Hva betyr kamb
23.01 | 22:37
Så fin side!
Del denne siden