Fra en budørs bekjennelser
21. okt, 2015
Den heile verda
var så vridd og vrang.
Han knytte nevane
medan han sprang.
Men møtte veslesyster,
blid og glad.
Ho retta handa fram
og spurde: ”Vil du ha?”
Og handa, ho var fylt
av raude bær og blå.
Han spurde vantru:
”Skal eg - skal eg få?”
Ho sto der smilande
og svara: ”Ja,
men du må opne neven
vil du ha!”
Jan Magnus Bruheim, «Den opne handa», 1981