13. okt, 2016
Du maktar ikkje skapa
eit einaste frø
i den vårlege jord.
Men du kan trakke
på det som gror.
Og du kan knuse gleda
med steintunge harde ord.
Du kan ikkje makte å stille
bladi til ro
på eit blåsande tre.
Men du kan hogge det ned -.
Tankane kan du 'kje styre.
Ingen veit kvar dei kjem i frå.
Men du kan stengje dei inn i deg sjølv,
attom lås og slå.
Du kan ikkje skapa
det minste strå
som skjelv for din skume nærleik.
Avmektig er du.
Men alt kan du gje
din kjærleik.
Jan-Magnus Bruheim, "Ord gjenom larm", 1954
Ingunn
14.10.2016 12:01
Sterkt! <3
Nyeste kommentarer
24.03 | 17:42
"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen
23.01 | 15:19
Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?
15.12 | 11:01
Hva betyr kamb
23.01 | 22:37
Så fin side!
Del denne siden