3. jun, 2017
Å vera ein blom
og ikkje veta um venleiken sin -
Å vera ein stein
og kjenne småkravlande kryp
som kjærtegn mot harde steinhud,
og kjenne solstrålar leike
som barnefingrar
over det kalde kinn.
Um steinen har hjarte
må det ikkje slå av lukke?
Å vera ei grein
og kjenne den lette tyngd
av småfuglføter i millom lauvet.
Måtte ikkje treet drøyme
det sviv til himmels
i fuglesongen?
Å vera eit menneske,
femne det heile,
ta det inn i sitt hjarte,
og gle seg ved dette:
Å vera.
Jan-Magnus Bruheim
Nyeste kommentarer
24.03 | 17:42
"Vele og kamb" - Stjert og kam på hanen
23.01 | 15:19
Et dikt av Halldis Moren Vesaas begynner slik:
‘ Kva er stort, og kva er lite no?‘
Hva heter diktet? Kan du gjengi det for meg?
15.12 | 11:01
Hva betyr kamb
23.01 | 22:37
Så fin side!
Del denne siden